Statsråd Kjersti Toppe har besvart Silje Hjemdal (Frp) sitt spørsmål om kalking av graver
Stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) spurte statsråden om hun ville vurdere muligheten for å sikre tilbud om kalking av graver, eller andre teknikker som bidrar til nedbryting av norske gravplasser også i fremtiden.
Denne artikkelen er mer enn 12 mnd. gammel.
Nå er spørsmålet til statsråden besvart.
Ifølge statsråden er det ikke rollen til departementet å fremme tjenesten til en leverandør for å stimulere etterspørselen. I første rekke må det være de lokale gravplassmyndigheter som etterspør ei tjeneste eller et produkt.
Her følger hele svaret fra statsråden:
«På norske gravplassar er fredningstida minimum 20 år. Dette er den tida det normalt tek før leivningane er brotne ned i jord med god drenering. Ei utfordring på mange gravplassar er at nedbrytinga i kistegraver tek lengre tid enn dette. Dette er problematisk ved gjenbruk av kistegraver. Det bryt med arbeidsmiljølova om dei tilsette på gravplassane blir utsette for ikkje-nedbrotne leivningar ved opning av graver. I tillegg bryt det med gravplassforskrifta § 12 tredje ledd som seier at det berre skal vere grove knoklar og bein igjen etter tidlegare gravlegging dersom grava skal gjenbrukast.
Departementet har over tid hatt merksemd på nedbrytinga i kistegraver. Frå nyttår fekk gravplasstyresmakta ein vidare heimel til å stengje for kistegravlegging der gjenbruk av kistegraver ikkje er mogleg på grunn av jordbotnstilhøva. Slik stenging kan verne dei tilsette. I tillegg tek slik stenging på alvor forventninga hos menneske om å gå tilbake til naturen.
I Innst. 347 L (2021–2022) uttalte familie- og kulturkomiteen: «Komiteen viser til at SSB i sine befolkningsfremskrivinger forventer at antallet dødsfall vil stige med over 40 pst. de neste tredve årene. Dette vil føre til en økning i press på gravplasskapasiteten. Det vil også være lokale og regionale forskjeller i presset, som følge av flyttemønstre.» Det er eit lokalt ansvar å sørgje for tilstrekkelege gravplassar.
Eg er oppteken av at folk som ønskjer kistegravlegging, skal få det.
Kjersti Toppe
Eg er oppteken av at folk som ønskjer kistegravlegging, skal få det. I lys av auken i dødstala og omsynet til jordvern, er det derfor viktig at kistegraver blir gjenbrukte. Gravplasstyresmaktene kan vurdere fleire alternative tiltak når dei får erfaringar med dårleg nedbryting. Nokre tiltak har verknader på kort sikt og andre gir meir varige forbetringar. Kva som skal til for å leggje til rette for god nedbryting innan rimeleg tid, er1 eit lokalt ansvar og val.
Departementet har ansvar for regelverket og legg til rette for utviklinga på gravplassektoren gjennom til dømes tilskot til utviklingstiltak og digitalisering. Dersom dei lokale gravplasstyresmaktene ikkje etterspør ei teneste eller eit produkt, vil det ikkje vere rolla til departementet å fremje tenestene til leverandøren eller stimulere etterspurnaden. Eg er oppteken av omsynet til vørdnad, etterlatne og tilsette på gravplassane, men meiner det ikkje høyrer til rolla mi å påverke samspelet mellom tilbod og etterspurnad på dette området».